
写真: Lifjellstua
Ingebjørg Bratland
開催中10月20
火曜日 · 終日Lifjellstua · Bø
⏳ このイベントは終了しました。
概要
Med krystallklar røyst og ei utstråling som treff midt i hjartet, har Ingebjørg Bratland med rette vorte omtala som ein nasjonalskatt. Vinje-bygdingen er evig knytt til udøyelege låtar som «Jul i Svingen» og «Fordi eg elskar deg», men også låtar som«Ingen som du» og «Di Ingebjørg» er prov på Bratland si samlande musikalske kraft på tvers av generasjonar. Når Ingebjørg Bratland står åleine på scena, oppstår det noko heilt eige. Det siste året har Ingebjørg vore høgaktuell på fleire frontar. Fyrsteplass på Spotify med låta «Baby, du er rå!», saman med Hagle, samstundes som ho kvar veke sjarmere nasjonen som mentor i TV 2-suksessen The Voice, for å nemne noko. Etter fleire år med ei rekordlang rekkje utselde konsertar saman med Odd Nordstoga, startar no eit nytt musikalsk kapittel for Bratland. Denne kvelden får publikum oppleve Bratland på sitt aller beste, med både kjende og nye songar, historieforteljing og ei formidlingsevne som fyller heile rommet. Vi lovar ein kveld du seint vil gløyme, med ein av landets aller dyktigaste formidlarar i sentrum.
invmeの仕組み
- 参加者を見る :チケットの数ではなく、顔が見える。
- 同じ興味を持つ人にメッセージを送る :スワイプもマッチも課金の壁もなし。
- 会うイベントやスポットを選ぶ :そして一緒に行く。
場所
Lifjellvegen 934, Bo I Telemark 3804 Norway
詳細と情報源
詳細をすべて見る →
visitbo.noから収集
コメントを読み込み中…
